VANLEGE SPØRSMÅL

Minimer

Korleis teiknar ein avtale?

Ved bestilling av avtale vel du "Bli kunde" i menyen til venstre. Brikka vert sendt i posten, og medan du ventar på denne kan du, etter at bestillinga er registrert, passere i AutoPASS-feltet i bomstasjonen.

Dei ulike avtaletypane finn du under Prisar og Avtale i menyen over.. Når det står att 25% av det innbetalte forskotet, vil det bli sendt ut ny faktura til kunden på valt forskotsbeløp. Maks 2 bilar pr. avtale.

Kvar brikke vert belasta med eit depositum på kr. 200,-.

 

 

Får eg tilbakebetalt brikkedepositum?

Ved oppseiing av avtale og innlevering av brikke, vil depositum tilbakebetalast.

  

BILMODELL - Kor skal brikka festast?

Normalt i personbilar skal brikka plasserast i spegelområdet som beskrive i manualen som følgjer med brikka. Enkelte biltypar kan ha frontrute dekket av ein sol – og varmereflekterande film / varmetrådar eller regnsensor. For at radiosignala frå brikka skal lesast kan du prove å flytta brikka til et felt på ruta som er ”prikka/skravert”. Du kan eventuelt kontakte din bilforhandlar eller sjekke instruksjonsboken tilhøyrande kjøretøyet. Dei passeringar som er registrert med feil lyssignal grunna dette, vil belastas din avtale med de rabattar du innehar der.

 

Kva gjer eg om AutoPASS-brikka mi ikkje verkar?

Kontroller at brikka er rett montert. Sjå monteringsanvisninga. Om du har metallfilm i frontruta kan det vere du får gult lyssignal (det øvste). Enkelte bilmodellar har lågare sjanse for lesing enn andre. Under "Plassering av brikke" finn du informasjon om spesifikke bilmodellar, og i ein del tilfeller forslag til kor brikka bør festast. Ta eventuelt kontakt med bilforhandlaren din, eller sjekk brukerhandboka for opplysningar om kor brikka bør festast.

 

Eg har motteke tilleggsavgift og ønskjer å klage på denne.

Klage på tilleggsavgift skal fremjast skriftleg. Denne kan sendast pr. e-post via skjema under "kontakt oss", eller per post til:
Finnfast v/ BT Signaal

Postboks 2623
5836 Bergen 
- merk konvolutten kva bompengeselskap dette gjeld

 

 

Kven er friteken for betaling av passeringar på Finnfast?

  • Passasjerar i alle typar køyretøy
  • Uniformerte utrykkingskøyretøy, samt sivile utrykkingskøyretøy i teneste*
  • Elektriske bilar med drivstoffkode 5 i vognkortet eller hydrogenbilar*
  • Motorsyklar og mopedar  

 *Fritak krever at kjøretøyet har Autopassavtale/Autopassbrikke

 

Kvar gjeld fritak for forflytningshemma?

I følgje "takstretningslinjer for bompengeprosjekt på offentleg veg" av Vegdirektoratet, har forflytningshemma fritak for betaling for passeringar i bompengeringar dersom parkeringskort har minst 2 års gyldighet. Merk at dette KUN gjeld i bompengeringar, som Oslo, Bergen, Stavanger, Namsos, Kristiansand, Haugalandspakken og Tønsberg. Eit slikt fritak vert registrert ved at ein ved bestilling av avtale legg ved kopi av for - og baksida av parkeringskortet. Fritaket gjeld så lenge ein har gyldig parkeringskort. Husk å sende inn ny kopi ved fornying av parkeringskortet.

 

 

Kan eg registrere fleire køyretøy på same avtale?

Ved registrering av "privat avtale" kan ein registrere inntil 2 køyretøy med same vektklasse, på same avtalekonto.

Ved registrering av "firmaavtale" er antalet ubegrensa for same vektklasse. Eit firma kan og velje typen "privat avtale" dersom dette høver betre.
 

  

Får eg automatisk tilsendt ny faktura når eg har forskotsbetalt avtale?

Om du har forskotsbetalt avtale vil du automatisk motta ny faktura før avtalekontoen din går tom (ved rest på 25% av forskotet). Dette vert indikert med kvitt lyssignal (det midtarste) ved passering.

  

Fakturaen på min forskotsbetalte avtale har ikkje forfallsdato, kva tid må denne betalast?

Denne inneheld ikkje forfallsdato, då kunden kan ha pengar til gode ved utsending av faktura. Den må betalast før avtalekontoen går tom, då passeringar med negativ saldo fører til tap av rabatt. Saldo kan du sjekke på "min avtale".

 

Kvifor vert det ikkje sendt ut purring på ubetalt faktura (forskotsbetalt avtale)?

Faktura som vert sendt ut på forskotsbetaling av avtalen, er eit tilbod om å fornye AutoPASS-avtalen. Det er ikkje eit krav at denne vert betalt dersom ein ikkje skal passera bomstasjonar. Difor vert det ikkje sendt ut purring. Når saldo er låg, vert dette indikert med kvitt lyssignal og du skal då motta faktura kort tid etter.