Minimer

Bompengeselskapet Finnfast AS vart stifta i 2002 og har som føremål å delvis finansiere utbygging av Rv. 519 ”Finnfast” ved å krevja inn bompengar. I byggeperioden kan kapital delvis skaffast ved opptak av lån som skal rentast og nedbetalast.

Stortinget godkjende planane for utbygging og finansiering av Fastlandssambandet til Finnøy 28. februar 2006, jf. St. prp. nr. 38(2005-2006).

Rogaland fylkeskommune har stilt fylkeskommunal garanti i form av simpel kausjon for eit bompengelån til Finnfast på inntil 550 mill. kr. Tidslengda er sett til 23 år. Kommunal- og regionaldepartementet har godkjent fylkestinget sitt vedtak om å stille garanti.

Styret for Finnfast AS består av:
Gro Skartveit, styreleiar

Jostein Eiane,styremedlem 
Marianne Gloppen, styremedlem